Vinter opne Bobilparkering!
Etter ein periode der me måtte stenge bobilplassen er den på ny open!
Den 19. Desember falt det snaue 1 m snø....
Under brøyting havarerte traktoren.
Men heldigvis har me gode naboar, så me fekk låne traktor
for å brøyte hovedvegen opp til garden.
Men me lot bobilplassen stå ubrøyta....
Difor måtte me skuffa nokre gjester som ringde 1. januar og ville overnatte.....
Men nå er ny traktor på plass, og me har brøyta det øverste platået på plassen.
Så nå er det berre til å komme inn.
Bålpanna og grillen er klar!
( treng de ved så berre gi eit vink....)
Velkommen til eit nytt og godt bobilår!